Espeland Fangeleir  

hvit   Arkiv      Om stiftelsen      Samarbeidspartnere      Krigshistorie      Galleri      Undervisning      Fangeleiren      Venneforening     Hjem  

Mordet på russiske krigsfanger

blank
 

 
 

 
 

 
 

I 1985 ble det reist et minnesmerke på Rolland over 5 russiske soldater som ble henrettet under krigen. Til stede var den russiske ambassadøren og ordføreren i Bergen. Det var Arna Målag ved Arvid Midttun som tok initiativ til å få reist minnesmerket som ble betalt av Bergen Kommune.

Den 31 august 1942 var det ein fangetransport av russiske krigsfangar frå Midttun til Arna. På Lone klarte 5 av fangane å rømme frå transporten. Dei gjekk opp Langedalen og videre mot Ytre Arna. Ukjendte som dei var tok dei seg ned til Ytre Arna gardane, og i eit skogholt ved Festtangen vart dei oppdaga og tekne til fange av ein tysk motorsykkelpatrulje.

Russarane vart tekne inn til den tyske leiren på Mjeldheim, og der fekk dei av Ortskommandanten for Arna avsagt sin dødsdom. Dei vart innesperra i leirens garasje til dagen etter.

Den 1 september vart dei køyrt opp til Rollandskiftet. Dei 5 russiske krigsfangane måtte først grava si grav og deretter vart dei omsynslaust avretta og nedgravne.

Den tyske udåden og avrettingsmorda på dei 5 russarane hende på jordet omlag 50 meter sørfor minnesmerket. September 1945 måtte landsvikarane grave opp igjen gravene oppatt under oppsyn av norsk og engelsk militertilsyn og norsk helsepersonell tilstedes.

Dei 5 russarane vart lagt i kister og gravlagd ved Arna kyrkje. I 1946 samla bygdefolket i Arna inn midlar og fekk sett opp gravstein på grava.
På gravsteinen er det mellom anna denne ordtaket, skrevet av Steffen Hausberg:

"Signe kvila i Noregs jord. Vondskap skal vendast i tjoder og land. Broder skal gjeva einannan si hand".

Minnesmerket på avrettarstaden vart reist av Arna Mållag i 1985


Read file



Read file



Utskriftsvennlig versjon
 

hvit
Stiftelsen Espeland Fangeleir
blank