Espeland Fangeleir  

hvit   Arkiv      Om stiftelsen      Samarbeidspartnere      Krigshistorie      Galleri      Undervisning      Fangeleiren      Venneforening     Hjem  

Stiftelsen overtar hele fangeleiren

blank

Klokka 12.00 fredag 30. Januar 2015 laud trompetfanfaren som gav signalet om at Sivilforsvaret sitt flagg skulle firast for siste gong i Espeland fangeleir. Dei som drog i flaggsnora var heller ingen kven-som-helst. Norvald og Kåre Bolstad har nemleg begge vore fangar i leiren under andre verdskrig, og sjølv lurer dei på om dei er dei einaste gjenlevande av fangane frå den tida.

 

For denne fredagen var den dagen alle dei over 200 medlemane i venneforeininga til Fangeleiren hadde venta på, og overtakinga vart feira med mange prominente gjester frå kommune, fylkeskommune, Museum Vest og andre samarbeidspartnarar - samt mange av dei som har vore med som frivillige.

Erling Mjelde, som har vore ein av dei store pådrivarane for at fangeleiren skulle bli museum, tok eit kjapt samandrag om alt som hadde skjedd med leiren sidan krigen tok slutt. Sivilforsvaret overtok leiren i 1952, men i 1997 blei det varsla at den skulle leggast ut til sals på den private marknaden. Då byrja ein lang kamp gjennom mange politikarkorridorar før det i fjor endeleg blei klart at leiren skulle avhendast til stiftinga for den nette sum av null kroner.

- Men hugs likevel at dette er ei dyr gåve å ta i mot, formante fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti då det var hennar tur å ta ordet.

- Her er det kulturminne med stor europisk verdi, og det burde følgt ein sjekk med gåva frå staten, meinte ho, og etterlyste ein samla forvaltningsplan for dei krigshistoriske kulturminna.

brødrenebolstad__240.jpg  


Utskriftsvennlig versjon
 

hvit
Stiftelsen Espeland Fangeleir
blank